NRK Meny
Seine lange frukostar høyrer jula til. Då er det ekstra stas å kunne servere heimelaga julepålegg.

Steinar Lindstrøm viser korleis han lagar kjøtpålegg til jul til Gro Ravnestad.

Sylterull og lammerull til jul

Seine lange frukostar høyrer jula til. Då er det ekstra stas å kunne servere heimelaga julepålegg. Steinar Lindstrøm serverer både sylterull og lammerull.

Slik gjør du

Steinar sin sylterull

Lag ferdig krydderblandinga. Del tynnribba i to på langs. Ha krydder mellom laga og rull kjøtet i hop. Sy rullen saman med ein bomullstråd. Kok opp salt og vatn, og avkjøl laken.

Legg sylterullen i saltlake i tre døgn på ein kald plass. Etterpå kokar du rullen i to timar. Sylterullen skal ikkje fosskoke, berre trekke opp mot kokepunktet.

Legg rullen i press over natta. Sylterullen er klar til servering.

Steinar sin lammerull

Når du skal lage lammerull er det viktig at du skjer vekk seige hinner og overflødig feitt frå slagsida. Gni krydderblandinga inn i kjøtet, og rull i hop slagsida. Her må du fram med nål og tråd for å få lammerullen skikkeleg i hop.

Legg lammerullen i saltlake i tre døgn. Sjå oppskrift ovanfor. Lat rullen trekke i to timar. Vatnet skal ikkje fosskoke. Lammerullen må også leggast under press over natta.

Kilde: Steinar Lindstrøm i NRK Sogn og Fjordane