NRK Meny

Sylta grøne tomatar

Sylta grøne tomatar kan serverast som tilbehøyr til middagar av uilkt slag, dei passar godt til indisk mat, til kjøtrettar og som garnityr til smørbrød og hamburgarar. Prøv dei òg til svineribba til jul.

Slik gjør du

Kok opp vatnet i ei romsleg gryte. Del tomatane i to eller fire, og fjern stilkfestet. Skyl tomatane, og skjer eit lite kryss i skalet.

La tomatane småkoke i 10 minutt. Ta dei opp, og legg dei i iskaldt vatn slik at det blir lett å fjerne skalet. Dra skalet av med ein kniv. La dei renne av medan du har eddik, sukker og krydder i ei gryte. Rør til det kokar opp.

Legg tomatane i, og la det koke til dei er møre, utan at dei går i oppløysing. Ta dei ut med ei holsleiv, og legg dei i ei skål.

La laken koke inn litt, og skum av viss det trengst. Legg tomatane tilbake i laken, ha i Atamon, og gi det heile eit oppkok.

Legg tomatane på reine, nykokte glas, og fyll på med laken. Lagre dei sylta tomatane mørkt og kjølig. Dei bør stå ein månads tid før du byrjar å ete av dei.

Tips

Se også: Flere oppskrifter fra Førkveld

Kilde: Gunda Djupvik i Førkveld