Slik gjør du
Legg ribba til salttrekking i 1-2 døger føre du skal nytte den. Ha på salt og pipar, lat den trekkje i god temperatur, ikkje for kaldt.
Legg ribba med svoren ned i ei langpanne, slå på 1-2 l vatn. Lat ribba "koke" i om lag 1 time, gjerne 2, om du har tid. 100 °C på varmluft.
Tak ut skuffen, snu ribba med svoren opp og slå av overflødig vatn/kraft.
Set ribba i ovnen på 170 °C varmluft, steik den frå 2-4 timar. Om du vel å steikje den i fire timar er det lurt å steikje ho på 150 °C i delar av tida.
Det du vil oppnå no er at feiten blir burte, den karamelliserar seg og vert berre gode - det som er att av feiten då!
Pass berre på at du har ei ribbe som toler denne tida i omnen, du kan gjerne ha ei minder ribbe, men då lyt du bruke lågare temperatur.
Når du er ferdig med steiketide, so set du ribba so høgt du kan i omnen og set på grillen, då lyt du sitje framføre omnen for at det ikkje skal svi seg. Dessutan er det moro å sitje å sjå at svoren vert til krater!
Tips
Se også:
Kilde: Bodil Nordjore