NRK Meny
Video Ingrid Espelid Hovig lager sukkerbrød

Sukkerbrødet får krem og syltetøy mellom laga. På toppen pyntar Ingrid Espelid Hovig med mandarinbåtar og litt sjokolade.

Sukkerbrød

I mange heimar er det tradisjon å servere blautkake til morsdagen. Og til blautkake treng vi som oftast eit sukkerbrød.

Slik gjør du

Visp egg og sukker til stiv eggedosis. Sikt på mjøl blanda med bakepulver, og bland røra fort og lett saman. Alt mjølet må vere skikkeleg blanda med eggedosisen, men rør ikkje så mykje at lufta i eggedosisen forsvinn. Den skal vera med og heve sukkerbrødet.

Fyll røra i smurd form, 22-24 cm i diameter. Set forma på plate på nedste rille i omn som er forvarma til 200 °C. Skru termostaten på 175 °C med det same forma blir sett i omnen.

Steik sukkerbrødet i 30-35 minutt. Kjenn med kakepinne om sukkerbrødet er ferdigsteikt. Avkjøl kaka litt i forma, og kvelv den så på rist.

Tips

Som fyll i blautkake kan vi bruke frisk frukt og bær, hermetisk frukt, djupfryste bær, syltetøy, fløytekrem, vaniljekrem, sitron- eller appelsinkrem, fromasjar av forskjellig slag, med meir. Kvar får bruke sin fantasi og det ein har for handa.

Nøtter og marsipan har tradisjon som kakepynt. I staden for å kjevle marsipanlokk, kan vi skjere lauvtynne skiver av ein rull ferdigmarsipan og dekke kaka med. Det blir ganske mykje marsipan på denne måten, og kan derfor bli svært søtt. Vi rår derfor til å sløyfe sukkeret i denne kremen som skal brukast til å fylle kaka med.

Oppskrift:

Oppskrift:

Oppskrift:

Sjå også: Fleire oppskrifter frå Ingrid Espelid Hovig

Kilde: Ingrid Espelid Hovig i Fjernsynskjøkkenet 1988