Stuterovesuppe

Nitimenkokken Bodil Nordjores oksehalesuppe.


Følg NRK mat på Pinterest

Slik gjør du

Bre/smelt smøret i ei gryte, legg oppi kjøtet og strø på salt og pepar, surr kjøtet so lengje at det vert brunt og fint på alle sider. slå på kraft, legg i laurberblada og la dette stå å småputre i fleire timar, til kjøtet vert møyrt.

Når kjøtet har koka vel og lengje, har du oppi skrella og oppdela grønsaker og lauk. Lat dette koke til det er passa møyrt.

Tak opp kjøt og grønsaker og sila krafte.
Lag ei jamning og lat dette verta ljosebrunt, tilset den varme krafta og rør suppa blank og jamn.
Legg so oppi kjøt og grønsaker og om du vil sherry og bladgrønt. Rør varleg, dette er burtimot heilage saker.

Server mæ nyklypt og finklypt bladpersille.

Tips

Slik lagar du kjøtkraft:

Oppskrift: kjøtkraft

Se også: Oppskriftene frå Bodil Nordjore

Kilde: Bodil Nordjore