NRK Meny
Video Harald Osa lager squash- og tomatgrateng

Harald Osa lager squash- og tomatgrateng. Grønsakene skal serverast saman med sennepsgratinert lammefilet.

Squash- og tomatgrateng

Harald Osa er gjest hos Ingrid Espelid Hovig i Fjernsynskjøkkenet. Han serverer tre retters middag. Squash- og tomatgratengen er tilbehør til hovudretten.

Slik gjør du

Skjer squashen i 2–3 mm tjukke skiver. Steik dei mjuke i olivenolje. Dryss på litt salt og kvit pepar. Legg dei over på kjøkenpapir eller liknande, så overflødig feitt får renne av.

Skjer tomatane i skiver. Legg skiver av tomat og squash vekselvis i ei smurd eldfast form. Heile forma må dekkjast. Dryss hakka persille, hakka kvitlauk og brød på toppen.

Steik gratengen i omnen ved ca. 200 °C i ca. 10 minutt.

Tips

Harald Osa komponerte ein meny for Fjernsynskjøkkenet. Oppskriftene er til 8 personar, og rettane er plukka ut med tanke på at dei også skal kunne lagast i ein vanleg heim. Alle rettane kan førebuast i god tid, og gjerast ferdige like før servering.

Oppskrift:

Oppskrift:

Kilde: Harald Osa i Fjernsynskjøkkenet frå 1987