Hopp til innhold

Søndag feirar vi trippelt

Søndag 14. februar er det fastelavn, morsdag og valentinsdag på ein gong. Fram med fastelavnsris og bakebollar. Kvinna, mora og kjærasten skal bli risa og prisa!

Morsdag

Lite smeltar eit mammahjarte meir enn søte ord og teikningar frå småtrolla.

Foto: Anne Linn Kumano-Ensby / NRK

Det er nok ikkje berre redaksjonen vår som nyttar alle høve til å lage litt ekstra kos no under «koronatida».

Vi kunne kanskje følt oss litt snytt når tre merkedagar hamnar på same dato, men vi vel heller å gripe dagen og køyrer på med kos frå morgonkaffien til kveldsmaten!

Så kva lagar du når det er morsdag, valentinsdagen og fastelavn på ein og same dag?

Fruktbarheit og bollegilde

Fastelavn var opphavleg ein heidensk vårfest der ein brukte fastelavnsriset som ein fruktbarheitsvekkjar for både kvinner, dyr og natur. Fastelavn-omgrepet kom med kyrkja, og betyr «kvelden før fasta». Då åt ein tradisjonelt mykje og gjerne feit mat. No har bollar vorte tradisjonsretten vår for denne dagen. Og det er ikkje rart, for det er ingen tvil om at folk elskar bollar når vi ser på talet som bruker bolleoppskriftene våre. Og sidan sjokolade er ei vanleg gåve til både morsdag og «valentines» er desse bollane til Marit Hegle perfekte søndag.

Er du meir glad i marsipan er desse til Lise Finckenhagen nydelege.

Frukost på senga?

Frukost på senga til mamma på morsdag er ein tradisjon hos mange. Og kva er meir himmelsk enn ein god kopp kaffi og fløyelsmjuk eggerøre med røykjelaks på sprøtt brød om morgonen på ein søndag? Rockekokken Lars Erik Vesterdal fristar med denne oppskrifta:

Om ungane vil fikse frukosten til mamma sjølv, kan ei brødskive eller ein bolle med heimelaga hasselnøttpålegg vere perfekt. Pålegget til Hegle kan de kose dykk med å lage saman i forkant.

Surf or turf?

Har du lyst til lage ein romantisk middag er sjøkrepsen nydeleg no, og kjappare og meir luksuriøs middag skal ein leite lenge etter. Brødrene Price veit korleis:

Og så er det ikkje berre far som liker biff. Det blir sjeldan feil med ein saftig entrecôte med ein klassisk bearnaise. Stig Juelsen gjer det slik:

Med mindre ein er vegetarianar så klart. Då kan vi tilrå Finckenhagens nydelege grilla gulrøter med hummus.

Til dessert klarer ein vel ein fastelavnsbolle til? Dei kan jo fyllast med alt det søte ein liker best sjølv, så her set berre fantasien grenser. God feiring!