Laster innhold, vennligst vent..
Spøkelsesbananer på pinne

SPØKELSESBANAN: Skumle bananar smakar godt og skremmer ingen

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Skumle bananar

Spøkelsesbananar er fine å servere til små halloween-gjester. Men dei er også gode som eit litt sunnare alternativ til frukost eller i nistepakken, både til små og store.

Slik gjør du

Del bananane på midten og ta av skalet. Stikk ein trepinne i bananen. Dypp den i yoghurt. Grovhakk lys eller mørk sjokolade – alt etter kva du likar – og lag auge og nase på bananen.

Legg bananane på eit fat med matpapir som du legg i frysaren eit par timar.

Ta dei opp litt før spøkelsesbananane skal serverast. Så er det bere å nyte.

Kilde: Siri's soulfood