Skillingsbollar – Ingird Espelid Hovigs kanelboller

Skillingsbollar laga etter Ingrid Espelid Hovigs oppskrift i Programbladet. Her får du same oppskrifta på internett.

Foto: Sverre Bergli/Siri Bjelland Berven / NRK

Skillingsbollar frå Ingrid Espelid Hovig

Ingrid Espelid Hovig likar best dei store og lubne kanelbollane med masse sukker og kanel i svingane. Og med vanleg sukker i staden for perlesukker oppå. Her er oppskrifta på skillingsbollar.

Slik gjør du

– Dei gongane eg har prøvd meg på skillingsbollar heime, har det alltid blitt mislykka bakst. Små og tørre er dei blitt, utan noko stas med i det heile tatt. Men så fekk eg sendande ei skillingsbolleoppskrift får ein «ekte» bergensar, og den oppskrifta gir fin-fine bollar. Nesten som ferdigkjøpte, seier Ingrid Espelid Hovig.

Oppskrifta er på ca. 24 skillingsbollar.

Smelt margarinen. Ha mjølka i og varm alt til 35 °C. Rør gjæren ut i litt av væska, og bland han i.

Tilsett sukker, kardemomme og mjøl. Hald gjerne att litt av mjølet, så deigen ikkje blir for fast. Elt deigen godt, 3-4 min. i kjøkkenmaskin, 8-10 min. for hand. Han skal bli riktig smidig og fin, som ein god bolledeig. Elt i resten av mjølet om nødvendig.

Dekk bollen med plast og la deigen heve på ein lun stad i ca. 40 min.

Ta deigen på bakebordet. Kjevl han ut til ein rektangulær leiv, ca. 35 cm brei, 60 cm lang og 1/2 cm tjukk. Stryk smelta margarin utover. La det vera att ei lita usmurd stripe langs langsida som ligg lengst frå oss. Den penslar vi med kaldt vatn.

Dryss så rikeleg med sukker og kanel, og rull leiven saman til ei tjukk pølse. Den stripa som er pensla med vatn vil lime seg fast til rullen slik at skøyten ikkje sprett opp under heving og steiking.

Skjer rullen i ca. 2 cm breie skiver. Bruk skarp kniv! Legg emna på plater, helst dekka med bakepapir. (Det vil alltid renne litt sukker og kanel ned på plata.) La bollane heve i ca. 40 min.

Dryss litt sukker midt på kvar bolle, og steik dei 10-12 min. ved 250 °C.

Tips

Se også: Fleire oppskrifter frå Ingrid Espelid Hovig

Kilde: God mat med Ingrid Espelid Hovig