Hopp til innhold

Lag noko godt med plommer

Plommesesongen er kort, og det gjeld å ta vare på den gode smaken. Vi hjelper deg med dei gode plommeoppskriftene.

Det enklaste du kan gjere når du har mykje plommer, er å putte dei i frysaren for så å ta dei fram etter kvart som du vil lage syltetøy eller anna godt. Her får du seks forslag til korleis plommene kan brukast.

Syltetøy

Syltetøyet får ekstra smak når du koker plommene saman med stjerneanis.

Til middagen

Chutney er ein slags marmelade med ein meir pikant smak som passar til middagsretter. Du lagar han med plommer, pærer og rosiner og serverer han til dei fine middagane.

Til dessert

Du piskar krem og lagar sprø smular som til tilsløra bondejenter. Men denne gongen er det plommekompott mellom laga i staden for eple.

Hermetiserte plommer

Gjennom heile vinteren kan du servere friske og søte plommer som er kokte i krydderlake og lagt på glas. Bruk dei i kake, til ost eller som tilbehøyr til middagen.

Lars Barmen har òg lagt plommer på glas, og han viser korleis du steriliserer glasa for hermetisering.

I kake

Sjølv om du ikkje har italienske mandelmakronar, kan du lage smuldrepaien med andre kjeks. Smuldrepai med plommer blir servert lun med is eller piska krem.

I gjærdeig

Søt gjærdeig behandlar du på same måte som focaccia. Brei deigen utover og lag holer som du fyller med noko godt. Denne gongen er det ikkje oliven eller tomatar, men plommer og vaniljekrem.