Salta hjortetunge

Dette er haustens beste pålegg, seier Lars Myklebust frå Ålfoten i Sogn og Fjordane.


Følg NRK mat på Pinterest

Slik gjør du

Reins og vask tunga godt. Tørrsalt ho i eit lite kar med rikeleg grovt salt. La ho ligge i salt i ca. 2 døgn.
Skyl av saltet og set tunga til koking i rikeleg vatn. Kok sakte opp, skum av, trekk på svak varme i 2-2½ time.
Ha kaldt vatn på og skåld godt av den kvite hinna ytst. Avkjøl.

Skjer i tynne skiver ved servering. Majones og sylteagurk smakar godt til.

Kilde: Lars Myklebust frå Ålfoten