NRK Meny

Rugbrød

Gjer deig av sammalt rug, vatn og gjær kvelden føre. Dette er surdeig/kalddeig.

Dersom du vil gjera god surdeig, er det lurt å nytte 4-5 dagar på den, og so mate den litt kvar dag.

Skilnaden på surdeig med og utan gjær er at du nyttar mjølkesyrebakteriane i villgjæren ved surdeig utan gjærtilsetning. Medan du kan setja kalddeig med lite gjær og lengre gjæringstid.

Slik gjør du

Bland lunka vatn med gjær og rug, og la deigen stå til neste dag. Dette kallast rughev.

Bland vidare med dei andre ingrediensane. Lat deigen stå til den er god og gjæra. Den kan godt stå i fleire timar.

Bak ut passa store og passa faste brød. Mengda sikta kveite kan variere - avhengig av utmalingsgrad, fuktighetsnivå i mjølet og kvaliteten på stivelsen og gluten.

Set omnen på det varmaste, og lat den vera so varm når du set inn i brøda. Lat dei stå slik om lag ti min, skruv ned temp til 170 °C varmluft. Steik i totalt 45-55 min, litt ettersom kor store brøda er.

Tips

Se også: Oppskriftene frå Bodil Nordjore

Kilde: Bodil Nordjore i Nitimen