Laster innhold, vennligst vent..
Rocky Road i juleinnpakning

FARLEG: Dette er så godt, at har du tatt ein bit klarer du ikkje å slutte.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Rocky Road

Rocky Road er det farlegaste julesnopet du serverer. Hugs å lage dobbel dose! Godisen er også ei perfekt gåve å gje vekk til jul.

Slik gjør du

Smelt mjølkesjokolade i vannbad. Hugs å bruke ei stor skål.

Brukar du store marshmallows er det fint å dele dei i mindre bitar. Karamellen kan du dele i to.

Hell peanøtter, marshmallows, og karamellar i sjokoladen og bland godt!

Tøm alt over i bakepapirkledd bakeform, og sett det kjølig ein time eller to.

Del opp i mindre bitar og server!

Tips

  • Dette er ei fin gåve å gje vekk dersom du pakkar bitane i ein fin cellofanpose.
  • Du kan variere sjokoladen, nokre likar godt å bruke mørk sjokolade.
  • Det kan brukast andre nøtter enn peanøtter.
  • Dumle-karamellar er gode å bruke.

Kilde: Tone Lin Støfring Skovro