NRK Meny
Video Ingrid Espelid Hovig lager løksuppe

Roald Dahls løksuppe

Ingrid Espelid Hovig har brukt oppskrifta til den britiske forfattaren Roald Dahl. Han laga ei kokebok saman med kona si, I Roald Dahls kjøkken.

Slik gjør du

Reinsk løken og skjer den i strimlar. Smelt smør eller margarin i ei gryte og ha løkstrimlane i saman med kvitløkbåtane.

La løken stå og surre på svak varme i ca. 2 timar. Rør i løken av og til. På denne måten får løken fin gyllen farge og mild smak.

Bland i sennep, grønsakbuljongterning, hønsekraft eller buljong, laurbærblad, salt og pepar. La suppa koke utan lokk til du får den konsistensen du likar.

Skjer pariserloff i skiver litt på skrå. Rist dei i steikjepanna eller i steikjeomnen. Riv cheddarosten og bland den med hakka persille. Legg eit godt lag ost på kvar skive.

La skivene stå under grillen i steikjeomnen til osten er smelta. Server løksuppa rykande varm med ei ostegratinert loffskive i kvar tallerk.

Tips

Fleire oppskrifter frå Ingrid Espelid Hovig

Kilde: Ingrid Espelid Hovig i Fjernsynskjøkkenet og Roald Dahl