NRK Meny
Rabarbrapai

Kari Støfringsdal lager smuldrepai med rabarbra.

Rabarbra smuldrepai

I juni er rabarbraen på sitt beste. Denne syrlege veksten har i det siste blitt meir populær, og er perfekt til både dessertar og saft. Denne enkle paien er perfekt til hageselskapet.

Slik gjør du

Varm omnen til 190 grader.

Bland brødrasp, sukker og hakka nøtter i ein bakebolle. Kna inn smør slik at det vert ein tørr smuldredeig, eller bland alt raskt i ei kjøkkenmaskin.

Smør ei gratengform eller ei eldfast form med margarin.

Skjer rabarbraen i små bitar på cirka ein centimeter, og legg dei i botnen av forma. Legg smuldredeigen fint fordelt over rabarbraen.

Steik på nedste rille i cirka 25 minutt, eller til rabarbraen er mør og deigen har fått fin farge.

Server paien lun saman med vaniljesaus eller is. Då smakar han aller best.

Tips

Rabarbrastilkane kan gjerne haustast fleire gonger i løpet av sommaren. Ein gong rundt jonsok, og så kan ein hauste på ny seinare på sommaren når den har komme opp att.

Kilde: Kari Støfringsdal