NRK Meny
Video Jan Arne Hove lager potetball

Her er potetball servert med kokt salt fårekjøt, kokt kjøtpølse, kålrabi, gulrot, bacon og baconfeitt.

Potetball frå Andersgarden i Stordal

Denne oppskrifta på potetball har Jan-Arne Hove fått frå sin svigermor.

Slik gjør du

Mal på kvern løk, rå og kote poteter. Tilsett mjøl og salt og rør saman til en homogen deig. Lat denne stå eit bel før du formar deiga til passande ballar. I kvar ball puttar du to mørskiver eller ein terning som du kuttar til passande storleik av heil tørr mør. Ballane skal kokast ( ikkje fosskok), i 45 min i lettsalta vatn, kraft frå kokt salt fårerkjøt eller i vatn med litt salt og spekekjøtknoke i.

Til potetball serverte svigermor, Astrid Petra Hove, kokt salt fårekjøt, kokt kjøtpølse, kålrabi, bacon og baconfeitt. Det blei alltid servert kefirmjølk til, eller ” skjyr ” som min svigerfar kalte det.

Tilbehøret til potetball, komle, klubb, kompe, raspeball eller potetklubb varierar langs heile kysten, frå distrikt til distrikt og sågar frå grend til grend og nabohus til nabohus.

Kilde: Jan-Arne Hove i TV-serien Matlyst