NRK Meny
Pastasalat

Pastasalat med penne, mellomstore pastarøyr, kokt aure og sukkererter.

Foto: Egil Torheim / NRK

Pastasalat med italiensk vri

Meisterkokken Fredrik Hald gjer ein italiensk vri med aure og lagar kald pastasalat med pastatypen penne.

Slik gjør du

Kok opp pastaen og kjøl den ned. Gjer det same med aureterningane.

Ta fram matprosessoren og la kvitløk, timian og persillen få køyra seg der ei stund saman med olivenolja til ein fin grøn saus.

Finsnitt så sukkererter og vårløk og bland alt forsiktig saman, altså fisk, urtesaus og pasta. Maten blir best når den får stå ei stund før servering.

Server gjerne med brød av italiensk type og eit lite iskaldt glas kvitvin til.

Kilde: Fredrik Hald i serien Godt for ganen