NRK Meny
Video Harald Osa lager pasjonsfruktdelikatesse

Harald Osa hadde eit sukkerbrød i botn av forma då han laga pasjonsfruktdesserten. Her er han servert med kiwisaus. Eit lite, raudt jordbær friskar opp.

Pasjonsfrukt-delikatesse

Harald Osa blei årets kjøkkensjef i 1986. Året etter var han med i Fjernsynskjøkkenet og laga ein treretters middag. Her er desserten, iskake med pasjonsfrukt.

Slik gjør du

Du treng ca. 25 pasjonsfrukt. Del dei og skrap innmaten ut. Press den gjennom sikt og ta vare på safta.

Trinn 1
Bland alt i ein liten kjele og gi det eit oppkok.

Trinn 2
Legg gelatinplatene i kaldt vatn i 10 minutt

Trinn 3
Visp eggedosis av eggeplommer og sukker. Klem gelatinplatene opp av vatnet og løys dei opp i den varme saft-mjølk-blandinga. Hell så den varme blandinga forsiktig ned i eggedosisen. Rør roleg heile tida. Avkjøl.

Trinn 4
Stivpisk kremfløyten. Set han kaldt.

Trinn 5
Bland sukker og vatn i ein liten kjele. Rør til det kokar opp, og la det så fosskoke i 4 minutt. Ha i mellomtida eggekviten i ein miksmasterbolle.

Hell så den varme sukkerlaken i ei tynn stråle ned i eggekviten. Visp med full fart på maskinen heile tida. Eggekviten vil tjukne og bli fyldig og stiv. Visp til eggekviten er godt avkjølt. Set han i kjøleskåpet ei lita stund.

Brett så eggekvitemassen forsiktig inn i saft-eggedosisblandinga. Bland deretter kremen forsiktig i. Bruk ein slikkepott å blande rundt med til slutt, så alt er godt blanda utan at ein rører for mykje. Massen kan fyllast i forskjellige slags former og frysast i ca. 12 timar.

Tips

Legg ei 2 cm tjukk sukkerbrødskive i ei mellomstor kakeform. Dynk sukkerbrødet godt, og hell pasjonsfruktkremen over. Set den i djupfrysaren. Når kaka er frosen kan ein lage gelé av pasjonsfruktsaft, sukker, vatn og gelatin, og helle eit tynt lag over kaka. Set den til frysing igjen.

Ved servering kan kaka løysast rundt kanten med ein varm kniv, og setjast på eit fat. Ein kiwisaus smakar godt til. Mos frisk kiwi med litt sukkerlake til ein fyldig sauskonsistens.

Harald Osa komponerte ein meny for Fjernsynskjøkkenet. Oppskriftene er til 8 personar, og rettane er plukka ut med tanke på at dei også skal kunne lagast i ein vanleg heim. Alle rettane kan førebuast i god tid, og gjerast ferdige like før servering.

Oppskrift:

Oppskrift:

Kilde: Harald Osa i Fjernsynskjøkkenet i 1987