NRK Meny
Laster innhold, vennligst vent..
Asparges og spekeskinke
Foto: Egil Torheim / NRK

Parmesanasparges

Skinka blir litt sprø, osten smeltar og aspargesen er ein fryd å sette tenna i. Snaddermat!

Slik gjør du

Ta eit høveleg antal asparges, skrap dei lett med ein skarp kniv under lunka vatn. På den måten blir aspargesen mjuk og knasande.
Forvell aspargesen. Ikkje for kort og ikkje for lenge.
Medan dei lange grøne kosar seg i kjelen, raspar du parmesanost i rikelege mengder.
Så, når nok er nok, heller du kaldt vatn over grønnsakene, for at dei ikkje skal bli heilt kokte.

Så, rull den forvella aspargesen i olje, deretter i parmesanost.
Når det er gjort, rullar du aspargesen (med osten «limt» på) inn i tynnskåren parmaskinke. Fyll gjerne på med litt meir ost. No har du knasande sprø asparges med god parmesanost rulla i deilig parmaskinke.

Dette legg du i ei eldfast form, eller i langpanne innsmurt i litt olje.
Sett det i ovnen på 150-200 ºC i max 15 minutt (alt etter kor mjuk aspargesen blei).