NRK Meny
Panert torsk med ein god dressing smakar fortreffeleg både til kvardags og som festmat. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland.

HEIMELAGA FISKEPINNAR: Neste gong du skal ha fiskepinnar til middag, kan du kanskje prøve denne oppskrifta. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland

Panert torsk

Panert torsk med ein god dressing smakar fortreffeleg både til kvardags og som festmat.

Slik gjør du

Panert fisk er eigentleg ein fransk spesialitet. Men den blir ikkje dårlegare med torskefilet frå Førdefjorden, rulla i kveitemjøl, egg og brødkrum. Fisken legg du i ei steikepanne full av raps- eller soyaolje. I løpet av nokre minutt har du knasande sprø fisk.

Lag klar ei skål med kveitemjøl og krydder, ei med egg og ei med brødkrum. Skjær fiskefileten i serveringsstykkker og vend fisken først i kveitemjøl, så egg og brødkrum.

Ha godt med olje i ei panne og ha i fiskefiletane. Snu fisken og steik den til den er gyllen. Det tek nokre få minutt, litt avhengig av kor tjukke filetane er.

Bland saman ingrediensane til dressingen. Server fisken med kokte poteter og råkostsalat

Tips

  • Ein reknar rundt 200–250 gram fiskefilet per person.
  • Ha i salt og pepar i mjølet etter smak.
  • Det er fint å bruke rapsolje eller soyaolje til steiking. Dersom du lurer på kor varm oljen skal vere. Stikk ein trepinne ned i oljen, når det brusar godt er den varm nok.

Kilde: Steinar Lindstrøm