Paella med chorizo, kylling og skalldyr

Paella med blåskjel, reker, kylling, chorizo og sjøkreps.

Foto: Mari Rollag Evensen / NRK

Paella med chorizo, kylling og skaldyr

Inviter til spansk fiesta! Lag ein fargerik paella med kylling, skaldyr og sterkt krydra chorizo. Risen skal vera gul og fin av safran eller gurkemeie.

Slik gjør du

Bruk paellapanne eller stor steikepanne. Skjær bacon i terningar, chorizo i skiver og finhakk løken. Steik løk, chorizo og bacon i olje. Tilset etter kvart paprika og kvitløk. La det surre i panna.

Tilset risen, og rør det godt rundt i gryta slik at alle korna blir dekka godt av oljen i panna. I mellomtida har du kokt opp eit par liter med kraft (du kan bruke terningar eller fond om du vil) som står klart i ei gryte ved sidan av steikepanna. Tilset ein god slump og rør det inn i risen saman med safran. Du etterfyller med kraft frå kylling og blåskjel etter kvart som risen trekk til seg væske.

Kok blåskjel i ein kjele med litt vatn (for eksempel tre desiliter). Krafta frå blåskjela bruker du også i risen.

Når det nærmar seg servering (om lag ein halvtime etter at du har hatt i risen) tilset du erter og finhakka tomat. Skvis også over litt sitron eller lime.

Du har undervegs reinsa halvparten av blåskjela og rekene. Halvparten kan du servere med skal og skjel, resten rører du inn i risen. Tilset også kylling, sjøkreps eller kjempereker. Server med sitronbåtar.

Tips

Denne oppskrifta går ikkje heilt i fotspora til den tradisjonelle spanske paellaen. Den er laga med inspirasjon frå paellaer som kombinerer sjømat og kjøtt.

  • Eg bruker vanlegvis rå kyllingbryst. Då steiker eg dei i passe store stykke på førehand, eller saman med bacon og chorizo, men passar på å legge det til sides for så å tilsette ved servering. Det same kan du gjere dersom du har lyst til å bruke rå kjempereker i staden for – eller i tillegg til – sjøkreps
  • Du kan bytte ut det meste av kjøtt/skaldyringrediensane med andre ting. For eksempel steinbit, blekksprut, hjarteskjel, ferdiggrilla kyllinglår eller kyllingvingar
  • Bruker du ferdig kokt sjøkreps kan du varme desse i resten blåskjelkrafta før servering
  • Er steikepanna di ikkje så veldig stor, bør du gå ned i rismengde, til for eksempel 250 gram
  • I tillegg til blåskjelkraft og kyllingkraft, kan du bruke ein skvett med kvitvin. Bør i tilfelle tilsettast tidleg
  • Gurkemeie gir ikkje noko spesiell smak, men er først og fremst noko du kan bruke for å få gulfarge på risen. Dersom du bruker safran kan du kutte ut gurkemeie
  • Smak på risen for å kjenne når den er ferdig. Er den framleis hard i midten må du vente
  • Server gjerne med bagett. Aioli passar jo også strålande til dette.

Kilde: Distriktsredaktør Ragnar Christensen i NRK Rogaland