Hopp til innhold

Kalde supper til varme dagar

Supper som serverast kalde er perfekte når temperaturen stig. Du kan velgja mellom supper laga med erter, poteter, tomatar, mandlar og rabarbra.

Mandelsuppe, ajo blanco

Mandelsuppa er ein av fem gode forslag til dei kalde suppene i sommar. Oppskrift litt lenger nede.

Foto: Fra TV-serien Spanske fristelser / DR

Potetsuppe med purre

Like mengder poteter og purre gir ein god balanse til suppa. Litt kvitvin og bitte litt sherry gir ekstra god smak.

Fleire oppskrifter frå TV-serien Frå jord til bord

Ertesuppe med purre og spekeskinke

Omnsbakt purre og sprøsteikt spekeskinke kan bli små båtar som seglar på ertesuppa. Dag Tjerslands ertesuppe med leikent tilbehøyr.

Fleire oppskrifter frå TV-serien Hagen min

Tomatsuppe av søte cherrytomatar

Filip Langhoff har cherrytomatar og agurk i den kalde tomatsuppa. Suppa blir berre betre viss ho får stå natta over.

Prøv òg Anne Hjernøe si oppskrift på spansk kald tomatsuppe: Gazpacho med krutongar

Mandelsuppe med kvitløk og sherry

Mandelsuppa ajo blanco blir servert med druer, vårløk og spekeskinke. Søtt, sterkt og salt mot den aromatiske suppa.

Fleire oppskrifter frå TV-serien Spanske fristelser

Dessertsuppe med rabarbra

For mange er rabarbrasuppe smaken av sommar. Server den kald med iskrem.

Fleire oppskrifter frå Lise Finckenhagen