NRK Meny

OL-graut

I samband med OL på Lillehammer i 1994 kom det opp eit ønske om å finne ein matrett som kunne vere felles for fleire dalstrøk i Norge. Og alle dalstrøk har sin graut.

OL-grauten skulle ikkje vere kopi av noe anna, ikkje for feit og ikkje for tjukk.

Slik gjør du

Kok opp smør og fløyte i ca. 3–4 minutt. Ha i, litt om gangen, byggmjøl (Skjåkmjøl) eller annen grovmale bygg til det blir en graut som slipper botnen. Spe med mjølk til grauten blir passe tjukk. Smak til med salt.

Lag så byggrynsgraut ved å koke opp byggryna i vatn og spe på med mjølk. La det koke til gryna er møre. Ha så denne grauten opp i basisgrauten.

Grauten smaker riktig godt med svalt øl til.

Tips

Vi kan koke opp byggryn og fryse ned i passe små porsjonar. For det er gryna som treng lang koketid. Resten av grauten er kokt på en halv time.

Sjå også: Oppskriftene frå Bodil Nordjore

Kilde: Bodil Nordjore i TV-serien Matlyst