Laster innhold, vennligst vent..

Åtte salatar med spekeskinke

Sommarmat skal vere lett, smakfull og fort gjort. På ein varm dag passar det godt med spekeskinke i salaten.

Salater med spekeskinke

Ein frisk salat med spekeskinke er eit perfekt sommarmåltid.

Den salte smaken av spekeskinke passar godt både til grønsaker, frukt og bær. Det finst mange variantar av spekeskinke å velje i. Du finn den du liker best. Prøv deg fram med nye kombinasjonar. Ofte treng du ikkje så mange ulike ingrediensar. Det held med nokre få.

Vi har ikkje gløymt den tradisjonelle måten å servere spekemat på. Sjå Lise Finckenhagen sine sju tips til spekefatet nedst.

1. Søtt og salt

Søt nektarin får ein endå tydelegare søtsmak på grillen. Saman med bitter rucola, salt skinke og ost får du ein god miks.

2. Med bær og melon

Både jordbær, fleire sortar melon og søt balsamicoeddik gir fin kontrast til spekeskinka.

3. Tilset noko sprøtt

Vi blir alltid glade når vi får servert mat med ulike eigenskapar. Noko søtt, noko salt, noko mjukt, noko sprøtt. Denne gongen er det sprøsteikte trekantar av lompe som står for det sprø innslaget.

4. Inspirasjon frå Spania

Denne salaten er laga i Spania. Men vi finn dei same råvarene i norske butikkar. Her er spekeskinka steikt til han er heilt sprø.

5. Raudt tilbehøyr

Det er fetaosten som gir ein kontrast både i smak og farge til spekeskinke, tomatar, vassmelon og jordbær.

6. Rått blomkål

Små blomkålbukettar, finsnitta råraudløk og ein god dressing er alt som skal til for ha eit godt tilbehøyr til spekeskinka.

7. Med kald ris

Risen gjer at denne salaten kanskje er litt meir mettande. Dressing av majones, kvitløk og olje pakkar grønsakene og risen godt saman.

8. På toppen av brødet

Superenkel matlaging. Ferdig kjøpt focaccia, delt i to, smurt med majones og så er det berre å leggje lag på lag. Eigentleg tenkt til 17. mai-festen, men passar utmerkt om sommaren òg.

Bonus: Lises beste tips

I staden for salat blir eit fat med spekemat, eggerøre, rømme og flatbrød eit skikkeleg godt måltid.

God sommar!