Hopp til innhold

Når du har god tid

Koronaviruset har forandra kvardagen vår. Vi har mange fleire timar heime enn elles. Dei timane kan brukast til matlaging du aldri synest det var tid til før. Vi har funne fram oppskriftene.

Det tar ikkje så lang tid å setje maten på kok eller i steikeomnen. Men der skal han stå lenge. Då er det greitt at du er i nærleiken, men du treng ikkje halde på med matlaging heile tida.

Bankekjøtt

Oksekjøtt som er banka, skal surre under lokk i cirka 2 1/2 time. Kjøtt, løk og saus småkoker medan du førebur tilbehøyret.

SJÅ ÒG: Oksekjøtt kokt i mørkt øl i meir enn to timar: Biff- og ølgryte

Glasert svinekjøtt

Her er det fleire trinn før middagen står på bordet. Først skal svinekjøttet kokast i opp mot to timar og så bli avkjølt. Deretter skal det glaserast i ei gryte før det skal inn i steikeomnen til slutt. Då blir det farleg godt!

Godt krydra lam

I denne oppskrifta er det brukt indiske krydder i sausen som lammeskankene skal koke i. Og dei treng bort imot 3 timar i gryta.

SJÅ ÒG: Ein variant med lammekjøtt av bog eller nakke i curry-gryte: Curry curry lam nam!

Kok buljong eller kraft

Grønsakene skal koke i 2-3 timar før du siler dei. Dette blir grunnlaget for ein skikkeleg god ramen.

SJÅ ÒG: Hønsekraft som skal koke i 3-4 timar: Hønsekraft. Den kan du bruke til bønnesuppe med eple og timian.

And i burgarbrød

Andebryst skal brunast i panna før dei skal koke i minst 1 1/2 time, gjerne 2. Kjøttet blir rive frå kvarandre og blir forma til små slidere og blir serverte i burgarbrød.

SJÅ ÒG: Lang tid i marinering, timesvis på grillen: «Pulled chicken»