NRK Meny

Martinus Peder sin mølsgraut

Å koke mølsgraut er ikkje for pyser. Det er ei kalsium- og kaloristerk blanding som skal til for å lage mølsgraut; heilmjølk, sæterrømme og kulturmjølk er mellom ingrediensane.

- Blandinga skal koke inn til ein tredel av mengden, fortel Martinus Peder Haugen til NRK Møre og Romsdal.

Slik gjør du

Mjølka bør vere direkte frå gard, slik at den ikkje er homogenisert.

Mjølk og sukker skal kokast inn til ca 1/3, då skal den kokte mjølka sprengast med kulturmjølka og rømmen. Kok framleis til det vert passe innkokt.

Lag en jamning av smør, maisenna og kardemomme, tilset jamninga og kok nokre minutt. Fyll grauten i ønska emballasje og kjøl ned.

Tips

Dersom du ønskjer grovare graut, må du ha kulturmjølka og rømmen i ein bolle og la den stå på kjøkkenbenken eit par døgn. Då vert den surare. Rør om av og til.

Les meir om mølsgrauten og høyr Martinus Peder Haugen fortelle: - Du må røre i åtte timar

Kilde: Martinus Peder Haugen