NRK Meny
Video Ingrid Espelid Hovig lager smårett med ost og egg

Ingrid Espelid Hovig lagar smårett med ost og egg.

Lettvint ostesufflé

I ein av brosjyrane til Meierienes Prøvekjøkken har Ingrid Espelid Hovig funne oppskrift på ein lettvint ostesufflé som ho synest det kunne vera artig å prøve. Det er ei overdriving å kalle dette sufflé. Det som er likt er at det består av ost og egg.

Slik gjør du

Smør loffskivene og legg på ost. Legg skivene i ei smurd eldfast form eller lita langpanne. Visp saman egg, mjølk, salt og hell det over. La skivene stå og trekkje ca. 1/2 time.

Steik retten ca. 1/2 time ved 200 °C.

Server salat eller råkost til.

Tips

Denne suffleen hevar seg ikkje på same måten som ein vanleg ostesufflé. Det vil heller skje noko katastrofe om han må stå litt før han blir servert. Men aller best er det om denne retten også kan koma rykande og nysteikt på bordet.

Sjå også: Fleire oppskrifter frå Ingrid Espelid Hovig

Kilde: Ingrid Espelid Hovig i Fjernsynskjøkkenet 1983