NRK Meny
Laster innhold, vennligst vent..
Foto/redigering: Stine Kyrkjebø Johansen, NRK

FRISTANDE: Denne helga kan du servere frisk laksetarar.

Lekker laksetartar frå kysten

Laksetartar passar godt som ein lett og smakfull forett, eller som ein god kveldsrett. Laksen er henta frå merdane på Svanøy i Førdefjorden.

Slik gjør du

Hakk opp den skin og beinfrie laksen i små små bitar. Du kan gjerne byte ut litt av den rå laksen med røykelaks. Det vil gje ein litt kraftigare smak. Tilsett finhakka raudlauk, chili og graslauk. Smak til med litt salt og pepar, og rør inn ei halv til ei teskei med vineddik. Bland alt godt i hop og form tartaren som fine egg. Bruk to skeier dyppa i litt kaldt vatn, så er det enklare å få egga glattare.

Tips

Server tartaren med litt godt rista brød og ein grøn salat. Du kan og bruke litt rømme og godt fratbrød ved sidan av.