NRK Meny
Kokkelærar Hans Dahl Ørstavik lagar langtidsbakt svinenakke, med rotgrønnsaker og sjy.

►SJÅ VIDEO: Her syner kokkelæraren korleis ein enkelt kan laga langtidsbakt svinenakke med rotgrønsaker og sjy.

Langtidsbakt svinenakke

Kokkelærar Hans Dahl Ørstavik lagar langtidsbakt svinenakke etter inspirasjon frå Det norske kokkelandslaget.

Slik gjør du

Start med å laga ein soya-glace. Det gjer du med å ha sweet chilisaus, soyasaus, kvitlauksfedd, skal frå to sitronar og brunt sukker i ei gryte. Kok opp og sil det.

Deretter går du laus på svinenakken. Del den med fordel i to, dersom den er veldig stor. Ha på salt og pepar og brun den godt på alle sider på høg varme. Legg den i ei eldfast form eller ein bakke med litt rapsolje i og ha soya-glace på kjøtstykket. Under steikeprosessen må du ta ut nakken og ha på meir soya-glace.

Steik nakken på 125 grader i 90 minutt, slik at den får ein kjernetemperatur på om lag 75 grader. Bruk steiketermometer.

Bruk det du får fatt i av gode rotgrønsaker. Kutt opp i stavar og legg i ein bakke med litt rapsolje under og over grønsakene. Ha på salt og pepar. Bak dette i steikeomn på 175 grader i om lag 30 minutt.

Når kjøtet er ferdig steikt tar du av krafta og reduserer denne saman med resten av soya-glaceen, slik det blir ein smakfull sjy.

Legg alt opp på ein tallerken, så har du eit enkelt måltid, som også kan passa for store høve.

Tips

Riv gjerne skalet av fire sitronar over grønsakene før du set dei i steikeomnen.

Kilde: Hans Dahl Ørstavik