Lammesteik er sjølve påskemiddagen for mange nordmenn. Denne steika kan du sette i omnen og ta deg ein lang tur. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland, NRK

PÅSKEMAT: Herleg lammesteik – fylt med urter, kvitlauk og persille. Ein verkeleg god middag du kan kose deg med i påska. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland

Lammesteik med saus og fløytegratinerte poteter

Lammesteik er sjølve påskemiddagen for mange nordmenn. Denne steika kan du sette i omnen og ta deg ein lang tur.

Slik gjør du

Lammesteik

Lammesteika vi serverer til påske er fylt med urter, kvitlauk og persille. Fløytegratinerte poteter, gode grønsaker og ein smakfull saus gjer det heilt stille rundt middagsbordet.

Utgangspunktet er eit utbeina lammelår som vi fyller med ulike godsaker. Start med å stikke inn kløyvde kvitløksfedd i kjøtet og krydre med salt, pepar, tørka rosmarin og timian. Legg også inn ein god kvast med persille.

Bind opp steika med hushaldningstråd, tips får du i videoen ovanfor. Stør over salt, pepar og urter.

Set steika i omnen på 70–75 grader i ca. 6 timar. Når du kjem heim frå tur, skrur du opp varmen til 180 grader og let steika stå i ca. 20 minutt til den har fått ei sprø steikeskorpe.

Fløytegratinerte poteter

Dei fløytegratinerte potetene smakar godt dersom du først halvkokar potetene, deler dei i skiver og legg dei i ei eldfast form. Kok opp fløyte, crème fraîche og lauk og ha blandinga over potetene. Strø over reven ost dersom du likar det.

Ha den eldfaste forma inn i omnen og steik på 160 grader i 20–25 minutt.

Saus

Ein god saus høyrer med, og dersom du har lammebein kan du koke ei god kraft. Krafta treng litt tid, så den må du ha laga på førehand. Del opp beina og brun dei i steikeomnen til dei er brune. Ha dei i ei gryte med kaldt vatn til det dekkjer beina og kok opp. Skum godt av. Ha gjerne i nokre kvitlauksfedd og sjalottlauk. Skum av. Krafta må småkoke 3–4 timar. Dersom du ikkje har bein, kan du lage saus av ei god fond, altså kjøtkraft på flaske.

Lag ei bruning av smør og mel og ha i kraft til sausen er passe tjukk. La sausen koke ein halvtimes tid og ha i salt og pepar. Smak deg fram!

Servering

Lammesteika bør kvile ein 20 minutt på benken før du skjer den opp. Server med fløytegratinerte poteter, saus og kokte grønsaker.

Kilde: Steinar Lindstrøm