NRK Meny

Laksesuppe

Vikinganes laksesodd kaller Bodil Nordjore denne suppa.

Dette er Astrid Riddervoll si favorittfiskesuppe. Det er funne dokumentera spor etter denne suppa i Osebergskipet (800 – 850). Suppa er veldig enkel, og sidan dei hadde dårleg med ferskvatn, det dei hadde av ferskvatn var av dårleg kvalitet, nytta dei spissøl/lettøl eller pils. Den er litt morosam pga konsistensen. I dag kan dei med glutenallergi fint eta denne suppa, då den er rein for kveitemjøl. Det er fiskekjøtet som er tykningsmiddelet til suppa.

Slik gjør du

Dette er ei suppe som eg ofte kan koke når eg har gjort gravlaks. Då tek eg framdelen, rova og buken vekk frå gravlaksstykket, dette er ypparleg til fiskesuppe.

Ha vatn, salt, pepar og fisk i ein kjele, varm opp og la det trekkje til fisken er koka.
Tak opp fiskekjøtet og reins stykka for skinn, bein og andre uhumskheitar.
Sil krafta, tak fiskestykka og litt kraft i matmylla, slik at det vert ei sams masse i bollen. Køyr fisken på matmylla til den er fin struktur på.

Ha resten av krafta og fisken attende til kjelen, kok forsiktig opp. Spe om nødvendig med meir kraft.
Ha i knusa kvitlauk og finhakka gul lauk, smak til med krydder.

Når du serverar denne suppa, har du finsnitta surepler i ei skål og finsnitta raud lauk i ei lita skål, slik at det vert liggjande oppå kvar einskild suppebolle

Tips

Se også: Oppskriftene frå Bodil Nordjore

Kilde: Bodil Nordjore