Foto/redigering: Stine Kyrkjebø Johansen, NRK

FREISTANDE LAKS: Denne laksen frå Svanøy i Flora har fått godt tilbehør med frisk saus og god lauk. Foto/redigering: Stine Kyrkjebø Johansen, NRK

Laks med ein frisk eplesaus

Laks frå Svanøy i Førdefjorden med ein frisk eplesaus, kan serverast både til kvardag og fest. På kysten veks også ramslauk, den norske kvitlauken. Den set ein ekstra spiss på lakseretten.

Slik gjør du

Start med å krydre laksen med salt og pepar og legge den med skinnsida ned i eit god og varm steikepanne. Steik den til skinnet blir sprøtt. Skru ned varmen og lat laksen steike ferdig på den andre sida. Den må ikkje steike for lenge, då blir laksen tørr.

Eplesaus

Kok opp ein god fyldig eplejuice, gjerne laga av norske eple, i lag med fiskebuljong. Rør saman smelta smør og kveitemjøl i ei panne og ha i juicen og fiskekrafta. Lat sausen koke nokre minutt før du tilset crème fraîche. Smak til med salt og pepar. Ha i eit finkutta syrlege eple til slutt i sausen. Epleterningane skal vere små.

Ramslauk

Ha ramslauk blada i ein blender i lag med nøytral olje og litt salt. Smakar godt til både laks og andre rettar.

Servering

Server med kokte poteter og friske asparges. Aspargesen skal koke to minutt i lettsalta vatn. Kokar den for lenge, blir den slapp og smaklaus.

Tips

Ramslauk veks i store mengder langs kysten og kan skape himmelske smakar. Den bør plukkast før planten blomstrar.

Kilde: Steinar Lindstrøm