Kokebokforfattar Kari Støfringsdal har bakt desse kakene sidan ho var lita jente, heime i Jølster. Dette er ein enkel deig å bake ut, og kakene skal vere tynne og sprø.

KAKEMENN: Dei enkle å lage, og dei fleste ungar likar desse kakene godt. Foto/redigering: Ahmad Dean, NRK

Kvite kakemenn

Kokebokforfattar Kari Støfringsdal har bakt desse kakene sidan ho var lita jente, heime i Jølster. Dette er ein enkel deig å bake ut, og kakene skal vere tynne og sprø.

Slik gjør du

Bland saman kveitemjøl, sukker og hjortesalt.

Smuldre i smør og ha i vatnet. Elt til ein god deig. Deigen bør stå kald over natta, eller nokre timar i kjøleskap.

Bak ut til ein ikkje altfor tynn leiv. Stikk ut figurar, kakemenn og koner. Steik dei lys gule midt i omnen på 180 grader, eller på 170 grader varmluft. Kakene skal vere sprø. Om du vil, kan du pynte figurane med melisglasur eller konditorfarge.

Dette er ein deig som er lett å bake ut, og dei fleste ungar likar desse kakene godt.

Tips

Kari Støfringsdal brukar varmluft når ho steiker desse kakene. Set omnen på 170 grader og set inn bretta med lik avstand i omnen. Den kan vere at du må snu litt på dei undervegs i steikinga.

Kilde: Kari Støfringsdal