NRK Meny
Video Ingrid Espelid Hovig baker med mørdeig

Ingrid Espelid Hovig baker kremkake med mørdeig

Kremkake med mørdeig

Mørdeig kan brukast til kaker utan sukker og egg. Ingrid Espelid Hovig har alternativ til den vanlege kremkaka.

Slik gjør du

Smuldre margarinen i mjølet. I ein food-processor er dette arbeidet gjort på eit par sekund.

Bland vatnet i og elt saman til ein deig. Pakk deigen i plast og lad den liggje ei stund i kjøleskåpet.

Kjevle deigen ut til ein leiv, ca. 1/4 cm tjukk. Kle smurde sandkakeformer med deig og prikk botnen med ein gaffel. Eller stikk ut kjeks med eit glas.

Legg kakene på smurd plate eller plate dekt med bakepapir. Steik dei gyllenbrune og sprø i 15-20 minutt ved 200 °C. Fyll med krem og frukt.

Tips

Sjå også: Fleire oppskrifter frå Ingrid Espelid Hovig

Kilde: Ingrid Espelid Hovig i Fjernsynskjøkkenet 1988