NRK Meny

Krema jordskokksuppe

For dei som lurer på korleis krema jordskokksuppe smakar er det berre å ta etter sjefkokk Nils Overå ved Fleischers Hotel. Han servere ofte denne suppa med kraftig smak.

Slik gjør du

Skrell og kutt jordskokken i terningar. (oppbevar skrelt jordskokk i kaldt vatn tilsett sitron).
Fres løk og olje i ei panne, til løken er blank, tilsett jordskokkterningane og la dette surra i to til tre minuttar.

Hell i kvitvin og kok til det halve, fyll på med hønsekraft og la alt koka i om lag 20 minuttar.
Køyr suppa glatt med stavmiksar eller hurtigmiksar. Tilsett fløyte og smak til med salt og pepar.

Tips

Alternativ garnityr:
Jordskokk, brødkrutongar, urter, reker, hummar, steikt bacon, strimla røykelaks, bønner, brokkoli, osb.

Kilde: Nils Overå i TV-serien Eide og Morris