NRK Meny

Klompesuppe

Det er forløparen til klubb, komle eller kompe som står på menyen hos familien Myklebust på øya Barmen i Sogn og Fjordane. Dei har invitert gjester og Norge Rundt for å smake på gammal bondekost. Her får du oppskrifta.

Slik gjør du

Dagen før let ein fårekjøtet vatne seg ut over natta.

Utvatna fårekjøt skal kokast i 2,5 liter vatn i ca. 2 timar.

1,7 kg rå poteter, 0,3 kg kokte poteter køyrast i foodprosessor.

Ha i 400-500 gram byggmjøl og krydderet. Konsistensen skal vere litt lausare enn vanleg klubb.

Ha så i H-mjølk, gulrot og kålrabi. Varmast opp til kokepunktet. Ha i potetblanding. Form klompane i spiseskei. Hugs å ha skeia i vatn for kvar klomp slik at skeia slepp taket i klompane. Når mjølka er i så må gryta vere utan lok. Dette er viktig for å unngå at mjølka ”brest”. La gryta stå på svak koking utan lok i 45 minutt.

Feittet som legg seg på toppen av gryta tek ein av både for smaken og helsa sin del.

Tips

Det vert laga klompesuppe i Norge Rundt

Kilde: Anne Laila Berg Myklebust og Alfred Myklebust