NRK Meny

Kjøtkraft

Gode kraft er relativt lett å få til, om du berre har litt tid.

Slik gjør du

Kaup nokre gode kraftbein, gjerne margbein og brun dei i langpanna i ovnen.

Ha kraftbein gulrot og selleri saman med lauk oppi kjelen og slå på vatn til det dekkjer det heile. Lat dette småkoke eit par timar.

Sila vekke bein og grønsaker. Lat den reine krafta småkoke og reduserast til den er kraftig på smak og ser brun ut på fargen.

Bruk isbitposar og fyll oppi krafta. frys dette ned, so kan du lett finne att den kraftsmaken du treng.

Dette er lurt å ha tilgang på, rett som det er treng du ein ekstra smak på både suppe og saus!

Kilde: Bodil Nordjore