NRK Meny

Kjærleikssuppe

Kjærleikssuppa til Bodil Nordjore har smak frå løpestikke.

Slik gjør du

Smelt smøret i ein kjele, reine lauken og køyr den i ei matmylle, ha den oppi kjelen med smør. Reins og del jordepla og køyr desse ogso i matmylla. Ha dei oppi kjelen med lauken. Lat dette surre i 3 - 4 min på passa varme.
Ha oppi litt god kraft, spe med litt mjølk til passa tykk suppe, ha oppi fløyte og rjome, salt og pepar.

Løpestikka er nokso gjennomgripande på smak, so ver litt varsom med mengde om du er var på sterk smak. Knus denne og på matmylla, då får du fin
fine løpestikke bitar.

Her lyte du velje om du vil spe mest med kraft eller mest med mjølk, og kor feit du vil ha suppa.

Sprøsteik nokre strimlar med spekjeskinke og vips har du ei festsuppe, om du spanderar gøtt brød og gode drikke til då!

Tips

Som garnityr, kan ein sprøsteike strimlar av spekeskinke, eller sprøsteikt baconskiver, dette er litt å knaske på, og so smakar det gørrgøtt!

Slik lagar du kjøtkraft:

Oppskrift: kjøtkraft

Se også: Oppskriftene frå Bodil Nordjore

Kilde: Bodil Nordjore i Nitimen