NRK Meny
Kari Støfringsdal lærer deg å lage gode potetkaker. Foto/redigering: Ahmad Dean, NRK

POTETKAKER: Mjuke og gode, smakar herleg med både søtt og salt. Foto/redigering: Ahmad Dean, NRK

Kari sine potetkaker

Potetkaker er ei av dei eldste «kakene» våre. Før i tida var dette kvardagskost mange stader i landet. Bakt på helle, med ved som varme. Fyll dei med salt eller søtt, og nyt eit lite herremåltid.

Slik gjør du

Mal varme poteter med salt. Bland poteter, mjøl og rømme og elt det i 2 minutt på miksar. Ta deigen ut på bakebordet og del i 15 emne. Dersom du ikkje har miksar, kan du knuse potetene med ein potetstappar.

Bak ut tynne litt store potetkaker, bruk rikeleg kveitemjøl til på bordet. Steik på varm takke. Legg kakene på kvarandre i eit klede. Desse kakene kan ein fryse utan at dei blir tørre. Denne oppskrifta kan òg nyttast til å lage større potetlefse.

Desse lefsene er gode til rakfisk, gamalost og rømme eller med smør og sukker. Ein kan òg smørje dei som vanlege lefser.

Tips

Det kan vere lurt å ha ein kost eller eit papir, å tørke vekk brunt mjøl frå takka etter kvart, som du steiker nye potetkaker. Kosten må tole varme.