NRK Meny
Natronkaker

Kari sine natronkaker

Rykande ferske natronkaker med brunost og smør, er nydeleg kaffimat. Skikkeleg tradisjonsbakst laga på takke. Du kan fint lage dei heilt utan sukker.

Slik gjør du

Visp saman egg og sukker og ha i surmjølka.

Bland i natron og hjortesalt og pisk det inn i egg og mjølkeblandinga. Etter det bør du byte ut vispen med ei tresleiv. Ha i mest alt mjølet og bland forsiktig. Det er viktig å ikkje røre for mykje slik at deigen vert seig.

Ha mjøl i eit stort fat og legg ei og ei skei med deig i mjølet. Ta mjøl rundt heile deigklumpen, før ein tek dei i handa og vender dei nokre gonger. Legg dei på takka eller tørr steikepanne, klapp dei litt utover om dei er for tjukke. Steik ved middels varme. Høver godt til frysing. Server med smør, brunost eller sukker.

Tips

  • Natronkakene bør steikast med ein gong, på ei mellomvarm takka. Dersom temperaturen blir for høg, blir kakene rå i midten.
  • Om ein ynskjer det kan eit bytte ut halvparten av kveitemjølet med byggmjøl.
  • Det går og å lage natronkake med berre byggmjøl, men då blir dei litt grå og triste, men dei er gode på smak.
  • Ein kan òg byte ut 1/3 av kveitemjølet med sammale kveitemjøl.

Kilde: Kari Støfringsdal