NRK Meny

Kålgryte

Ingrid Espelid Hovigs kålgryte med lettsalta sideflesk.

Slik gjør du

Skjer flesket i tynne strimlar og la det surre 5 minuttar på middels varme. Det skal ikkje brunast, for då blir det tørt og hardt. Ha i olje og finsnitta kål, og la dette surre saman med flesket om lag 10 minuttar. Varmen må ikkje vere så sterk at kålen blir brend. Ha i litt pepar. Er flesket salt, sløyfar vi ekstra smakstilsetjing. Spe på vatnet, og la gryta småkoke til kålen er møyr.

Hell retten i eit djupt serveringsfat, og pynt med tomatbåtar og persille. Det skal vere rykande varme poteter til.

Tips

Sjå og: Fleire oppskrifter frå Ingrid Espelid Hovig

Kilde: Ingrid Espelid Hovig