Hopp til innhold

Uvanlege – vedunder­lege kaker

Mange vil heve augebryna om kaka er laga med kålrot, raudbetar, potet, tomat eller søtpotet. Men desse kakene overraskar verkeleg. Dei smaker kjempegodt og er ekstra saftige.

Rødbete- og sjokoladekake

Mørk sjokolade og raudbetar er gull saman. Det blir ei saftig og betre sjokoladekake.

Foto: Tone Rieber-Mohn / NRK

«No guts, no glory». Vi går fort i gamle spor når det gjeld kaker. Men vågar du deg ut på desse har du noko godt i vente. Potetene gjer at denne eplekaka held seg saftig og herleg.

Prøv den kjære og nære slektningen til gulrotkaka: Kålrotkaka. Den minner på mange måtar om gulrotkake, men vi bruker kålrot (kålrabi) i staden.

Kva med ei tomatkake? Hugs at tomatar kan definerast som bær. Tek du deg tid til å ovnstørke tomatane, kan vi love at det blir festsmak.

Søtpoteta kan brukast til meir enn middag, ho eignar seg også godt til søte dessertar. Konsistensen blir saftig og lekker, og den søtlege smaken passar godt til kryddera i denne paien.

Raudbete- og sjokoladekake høyrest kanskje ut som ein sprø kombo, men dette er ein gøy og god kombinasjon som gir kaka herleg smak og fantastisk farge.