Kari Støfringsdal brukar ein stor vedfyrt bakaromn til å steike julebrøda sine.

SJÅ VIDEO: Kokebokforfattar Kari Støfringsdal i Jølster viser korleis du bakar julebrød.

Julebrød

Når du skal bake julebrød, hjelper det med ein god porsjon kjærleik.

Slik gjør du

Varm mjølka til cirka 30 grader, alle råvarene bør ha romtemperatur. Bland alt utanom smøret, og la maskina gå nokre minutt på sakte fart før du aukar farten og eltar i ca. 5 minutt. La deigen kvile i 10 minutt.

Tilset mjukt smør i terningar medan maskina går på sakte fart til alt smøret er godt blanda i deigen. Dekk med plast, og la deigen heve i minst ein time. Del deigen i tre, og lag runde emne som får kvile på benken cirka ein halv time.

Om du ynskjer rosin i bollane eltar du dei inn før du deler deigen opp i emne. Det er best om du bløyter rosinene i lunka vatn nokre timar før du brukar dei i bakverk.

Steik julebrøda på nedste rille ved cirka 200 grader (over- og undervarme) i 25–30 minutt, eller til brøda har fått fin farge og er gjennomsteikte. Følg med mot slutten av steiketida, etter cirka 20 minutt. Dersom du synst julebrøda ser ut til å bli litt for brune på toppen, kan du legge eit bakepapirark over brøda.

Tips

Julebrød med rosiner og sukat
Foto: Mari Rollag Evensen / NRK

Denne deigen er god til skillingsbollar, skulebollar og kringle også.

Og julebrød smakar nydeleg med brunost på!

Kilde: Kari Støfringsdal i TV-programmet #julebakst