NRK Meny

Jordskokksuppe

Bodil Nordjore si oppskrift på jordskokksuppe med god kjøtkraft.

Slik gjør du

Reins og del opp jordskokkane, lat dei liggje i eddikvatn ein time, (2 liter vatn og 2 ss eddik).
Ha det kalde vatnet og jordskokken i ein god kjele, kok opp med selleri og salt. Når alt er koka kan du køyre dette på ei matmylle til ei puré.
Ha smør og mjøl i ein kjele, ha i pureen og spe med krafta. Rør saman eggeplommer og fløyte, bland med litt av supperåstoffet føre du har det attende i kjelen. Smak til med krydder og salt.

Ha suppa i ein fin bolle og pynt med masse reven persille.

Tips

Slik lagar du kjøtkraft:

Oppskrift: kjøtkraft

Se også: Oppskriftene frå Bodil Nordjore

Kilde: Bodil Nordjore