NRK Meny
Laster innhold, vennligst vent..
Video Ingrid Espelid Hovig lager jordbærdessert

Ingrid Espelid Hovig lagar jordbærdessert.

Jordbærkrem

Jordbærkrem er ein liten vri på dei djupfryste jordbæra, som mange kan synest kan bli litt «trøtte» når dei berre blir tina og servert på tradisjonelt vis. Oppskrift med video frå Ingrid Espelid Hovig i Fjernsynskjøkkenet.

Slik gjør du

Tin jordbæra. Ta av nokre av dei finaste til pynt.

Mos resten gjennom ei sikt eller i hurtigmiksaren, saman med sukker, dersom bæra ikkje er sukra.

Pisk kremen. Ta av litt krem til pynt. Bland krem og stivpiska eggekvite lett i jordbærmosen.

Fordel kremen i fire dessertskåler. Pynt med fløytekrem og jordbær. Server desserten nylaga.

Tips

Sjå også: Fleire oppskrifter frå Ingrid Espelid Hovig

Kilde: Ingrid Espelid Hovig i Fjernsynskjøkkenet