NRK Meny

Hjortepostei

Leverpostei av hjort frå Anne-Helen Taklo Myklebust.

Slik gjør du

Reins levra for hinner og gallegangar, og del han i skiver. Forvell lever og spekk i to minutt i rikeleg kokande vatn.
Mal lever, spekk og løk grovt i foodprosessor.
Lak kvit saus av kveitemjøl og mjølk, og tilsett salt og krydder. Har du skogssopp i frysen, blir posteien ekstra eksklusiv ved å tilsette hakka, forvella sopp.
Bland sausen raskt saman med malen lever/spekk i foodprosessoren. Bland i eventuell sopp.

Fyll blandinga i godt smurde former, og steik i vassbad i 40–50 minutt nedst i omnen.

Kilde: Anne-Helen Taklo Myklebust frå Ålfoten