NRK Meny

Hjortehjartegryte à la Årskog

Slik gjør du

Hjarte skjerast i 5-6 cm lange skiver, ca 0,5-1 cm tjukke. Desse surrast i jarngryte i olje (eller margarin). Eg brukar å lage sausen i same gryta, så då tek eg kjøtet utav og let bitane "kvile".

Lag brun saus etter grunnoppskrift med margarin + kveitemjøl. Tilset saft av ananas eller jordbærsylte + litt eddik. Dette kan ein kutte ut viss ein ikkje likar sur/søt saus. Tilset einebærkrafta, og deretter væske etter behov -gjerne litt fløyte.

Bland alt i gryta. Kantarellane kan gjerne være steikt i panna på førehand. Smak til med krydder, salt og pepar.

Tips

Serverast med potet eller ris etter ynskje.

Kilde: Ranveig Årskog frå Lote