NRK Meny

Hjortegryte med sveitsisk vri

Hjortekjøtet skal marinerast i raudvin i minst fire dagar. Her må ein planlegge i god tid.

Slik gjør du

Dekk kjøtet med raudvin. La dette stå minst 4 dagar i kald romtemperatur.

Sil kjøtet og kok vinkrafta opp. Sil deretter gjennom dørslag. Brun kjøtet med grønsaker og urtene. Fyll opp krafta med vatn til passe mengde og kok kjøtet. Jamn gryta med mjøljamning (mjøl og olje), og smak til med sukker, salt og pepar.

Pynt på kjøtet
Brødterningar, baconterningar og delte raude druer (utan stein, has i på slutten av steiketida), - steikas i litt smør og leggast på kjøtet som pynt.

Tips

Serverast med rosenkål, skogsopp, gulrøter og raudvinspære. Kokte poteter til.

Raudvinspære
Kok opp pærer i marinade av raudvin, laurbær, einebær, sukker, pepar og litt salt. Sett det til side og avkjøl. Fyll pærene med rognebærgele ved servering.

Kilde: Jean Daniel Tenud frå Sandane