Slik gjør du
Reins paprika, kvitløk og løk. Del dei i mindre bitar. Reins urtene for dei grovaste stilkane.
Ha ein bunt urter, ein neve salt og grønsakene i matmølla, og køyr det glatt. Ha i meir urter og meir salt. Når dette er ferdig, er det ein glatt, grøn graut.
Sprei grauten ut over eit bakepapir eller silikonpapir, og legg det på eit omnsbrett. Set omnen på 50 grader med varmluft og set inn brettet. La ei sleiv stå i døra, slik at fukt slepp ut. La det stå til det er tørt og ser ut som knekkebrød. Det kan fort stå over natta før det er heilt tørt.
Knus det med ei sleiv om du vil ha urtesaltet grovt, og i hurtigmiksar igjen om du vil ha eit finare salt.
Tips
Se også:
Kilde: Gunda Djupvik i Førkveld