NRK Meny

Gundas kirsebæriskake

Gunda Djupvik har oppskrifta på oste-iskake med kirsebær på toppen.

Slik gjør du

Knus kjeksa godt og legg dei i botnen på den eldfaste forma. Pisk eggedosis av eggeplomme og sukker. Rør kremosten mjuk, og pisk den inn i eggedosisen. Stivpisk kremfløyten, og bland den inn.

Pisk dei tre eggekvitene du har igjen stive, og vend dei inn i røra heilt til slutt. Slå røra i forma og set ho i frysaren.

Slå kirsebærkompott over kaka når du tek ho opp. Dette vert ei iskake som vil smelte etter 4-5 timar, så ta ho opp av frysaren rett før servering.

Kilde: Gunda Djupvik